


I sommar skal eg og min kjære i bryllaupsfest til ei barndomsveninne av meg. Me fekk muntleg invitasjon tidlegare i vår, og forrige veke kom den “offisielle” invitasjonen i postkassa. Og eg må sei eg synes han er heilt nydeleg! Eg synes det er ein veldig original og kreativ invitasjon (i frå min ståstad), og eg er berre nødt til å visa han fram.
(Bileta og fargane er så som så, då det ikkje er så lett å ta bilete av andre bilete..)
Sjølve kortet er lilla, og inni har dei limt ein biletserie av dei to (les nedover mot høgre). Under er to større bilete av det ovanfor.


Til inspirasjon for andre?
Det er eksamenstid -igjen. Me er ferdige med eitt av to fag, så no gjenstår det berre å lesa på det andre faget fram til me skal i ilden 2.juni. Eller nei, det er ikkje berre berre. Konsentrasjonen har vore så og sei fråværande den siste tida, og som om ikkje det var nok så har eg blitt forkjøla og snufsete. Til vanleg er ikkje ei lita forkjøling noko som stoppar meg (i motsetning til min kjære, stappar eg ikkje forkjøling inn under kategorien sjuk), men akkurat no syns eg vel eigentleg litt synd på meg sjølv. Ikkje det at eg er så veldig dårlig – eg er tett i nasen og tung i hovudet, men har det ellers nokså greit. Det er vel meir det at det er så vanskeleg å lesa…
There, I said it. Eg har dei siste dagane brukt dette som ei unnskyldning for at eg ikkje får til å lesa, og oppfører meg som om eg skulle vore sjuk. Kor patetisk det enn høyrest ut, er det altså slik ståa er. Å halda seg heime istaden for å gå på lesesalen er jo berre rett og rimeleg, så snufsen og trøtt som eg er..? Eg har lest lenge nok i dag, det er jo ein grunn til at eg er lei..? Sorry mate, den går ikkje lengre. Difor bér det avgårde på lesesalen i morgon den dag, om eg kjenner meg aldri så stakkarsleg. Det får då vera grenser for sjølvmedlidenhet!
Tekst: deLillos
Hei jeg er tilbake har vært lenge vekk fra byen
Vil du bli med en tur ut jeg har ingenting å gjøre
Hva har skjedd her? Har Thon kjøpt Studenten?
Har du ingen penger, vel, jeg spanderer
Jeg hørte det ble slutt mellom deg og henne
Det var leit, men det er vel sånt som skjer
Selv er jeg ensom og har vært det lenge
Det vil si, jeg har mange gode venner.
Det å være fornøyd
Og ikke synes synd på seg selv
Ser faktisk ut til å være en kunst
Som tar hele livet å lære for noen
Mens andre igjen
Er født med talent
Jeg tør ikke kaste noe, for jeg vil ikke glemme hvordan jeg fikk det
Hva er vitsen med å oppleve hvis jeg bare glemmer det
Hva er vitsen?
Ensomheten kan du ha til du dør
Hvis den finner seg til rette, sitter den lenger enn den bør
Og den kan få deg til å tenke til du mister oversikten
Du blir lei av fortiden og redd
For fremtiden
Det å være fornøyd
Og ikke synes synd på seg selv
Ser faktisk ut til å være en kunst
Som tar hele livet å lære for noen
Mens andre igjen
Er født med talent
Hei jeg er tilbake har vært lenge vekk fra byen
Vil du bli med en tur ut jeg har ingenting å gjøre
Hva har skjedd her? Har Thon kjøpt Studenten?
Har du ingen penger, vel, jeg spanderer
I faget MEVI153 (Manuskripter og medier) har me arbeidd med å presentere eit dokumentarportrett på nett. Eg har utarbeida nettsida saman med Herlaug, og me er nokså nøgde med resultatet, i og med at me er ferske i bruken av Flash. Du kan sjå portrettet på:
http://www.student.uib.no/~hol092/espentarberg.html.
Eg tek gjerne i mot tilbakemeldingar – både positive og negative
(Vises best med Internett Explorer og Opera)
09:13: Eg låser att ytterdøra. Eg er trøytt.
09:30: Ruslar inn på mac-lab på skulen, med kaffi og bakst i handa.
09:45: Halve frukosten er i magesekken, og gårsdagens arbeid lyser mot meg. Me tek opp att tråden.
09:53: Planen er å ordna musikkspelar til nettsida me held på med, så eg byrjar på dette. Eg fekk jo hjelp til koden kvelden før, så dette skal vel gå greit.
10:07: Det går ikkje så greit..
10:52: “Kvifor vil ikkje dei hersens knappane bli verande nede når eg trykkjer på dei??”
11:14: Eg sukkar. Og går på toalettet.
11:19: På’an igjen.
12:04: Knappane sprett fortsatt opp att når dei ikkje skal. Arg. Eg surrar med noko anna i staden.
12:19: Lunsj. Utan mat og drikke osv…
13:02: Koden fungerer ikkje. Har eg lagt han på feil stad?
14:15: “Eg blir gaaal.” Ringjer min kjære for å få råd.
14:37: Det går i surr med Movieclips og Frames. Skulle ønskje eg kunne Flash betre!
15:23: Noko skjer. Eg er på sporet. Animasjonen på knappane har fungert ei stund no, og no verkar det som om resten kan ordna seg også.
15:25: Ringer min kjære att, og fiksar feilen. “Jaaaaaaaaaaaa!!” Endeleg.
15:26: Ser at det fungerer. Igjen – og igjen. Nøgd.
15:31: Sosar rundt. Fortsatt nøgd, men samstundes oppgitt over å ha brukt uhorveleg mykje tid på ein (for andre) smal sak. Det får vera grenser for slak læringskurve.
15:48: Naturen kallar.
16:27: Fiksar småting. Usikker på kva som så bør gjerast.
16:45: Intro til nettsida står i fokus. Folk må få eit innblikk i kva for ein nettstad dei kjem inn på. Lyden må ordnast, så eg hiv meg over det.
17:22: Det skal ikkje vera enkelt.
17:57: Me er svoltne. Me arbeider vidare.
18:45: Herlighet kor tida fyk når ein ikkje får noko til.
18:56: Me er svoltne. Det vert take-away frå Wok, og Cola frå Rimi. Eg vert blakk av å jobba med nettside.
19:54: Me er høge på wok og cola, og arbeidslysta vil ingen ende ta. Lab-en er tom forutan oss.
20:25: Eg har prøvd ulike program for å mixa lyd, men med lite hell. Nokre gonger er “Help” til hjelp, andre gonger ikkje. For ein newbie som meg må det vera enkelt.
20:47: Me skulle ha fått hjelp frå tv/film-studentane. Dette går ikkje.
20:53: Sukk. “Eg har ikkje fått gjort NOKON TING i dag, på grunn av den hersens musikkspelaren.”
20:55: Toalettbesøk.
20:59: Eg er på sporet. “Kanskje me kan klara det likevel?”
21:51: Tida fyk. Inga avsporing enno.
22:25: “Endeleg!” Det skulle helst vore ei mp3-fil, men det får me ordna sidan. Lydfilene er mixa, og det er det viktigaste no.
22:35: Undrar meg over tidsbruken på dagens løyste oppgåver. Effektivitet i låg-gir. Er eigentleg ikkje anna å venta av oss, me har tross alt ikkje lært så mykje enno..
22:47: Finpussar.
23:12: Introen tek form. Er kanskje ikkje innlysande at det er portrettsjangeren det dreier seg om, men ein får i alle fall eit lite innblikk i den som vert portrettert – som vel er poenget.
23:27: “Er klokka så mykje?”
23:44: Finpussar. Må berre klippa ut eit bilete.
23:58: På høg tid å koma seg heim.
00:04: Eg ruslar ut frå mac-laben, og legg vegen heimatt.
00:22: Eg låser opp ytterdøra. Eg er trøytt.
*****
(Med unnatak av det siste, kan ingen klokkeslett med sikkerhet seiast å vera nøyaktige, då tid og stad forsvann ein gong i løpet av dagen. Usikkert når.)
Det har berre vore så mykje i det siste. Eller, kanskje tvert i mot. For det har ikkje eigentleg vore noko spesielt… Uansett er eg veldig lei for at eg har forsømt deg. Det har ikkje vore intensjonen.
Eg har nemleg tenkt på deg -ofte. Har mang ein gong satt meg ned for å gjenoppretta kontakten, men så har det liksom stoppa opp på et vis. Tankane har floge sin veg, og enda opp ein heilt annan stad. Eg har blitt hefta av andre, både kjende og ukjende, som snakka til meg utan at eg trengte å seia noko. Eg har kunna vore stille og motta det andre hadde å meddela, utan at det krevde noko av meg. Det har liksom vore det som passa best nett no. Eg har tatt den utvegen som er så lett å ta. Den enkle veit du. Nøyaktig kor han bér hen er eg ikkje sikker på, men han endar vel ikkje alltid der ein skulle ynskja. På villspor kanskje? (Noko seier meg eg er der no..)
FOR, det eg eigentleg ville seia var at eg ikkje har forlatt deg, og i alle fall ikkje til fordel for nokon andre. Det er berre naturleg med ein pause av og til. Trur eg. Om eg les andre sine bloggar og morar meg med dei, betyr ikkje det at du er gløymt. Så her er eg att, kjære blogg, og du treng ikkje vera redd. Orda stoppar berre opp til tider og flyg sin veg. Men både dei og eg kjem attende.

