Startvanskar
2008 april 16
Eg har tenkt ei stund på å laga meg ein blogg. Det største problemet har vel vore kva eg skulle skriva om. Etter å ha lese ein del bloggar i det siste, har eg vel eigentleg funne ut at det ikkje er så nøye. Har du lyst, har du lov. Eg har lov. Eg har dermed lagt frå meg deler av prestasjonsangsten, og dette er altså byrjinga på resultatet.
Sånn. Då er eg i gong. Kort og konsist. Nok ei stjerne på den O Store bloggar-himmelen er født. Eller kanskje berre ein komet. Taim vill shåo.