Kretadøger

2008 mai 21
by Anna

No kan eg seia at eg har vore på sydenferie, sånn som “alle andre” gjorde allereie då dei var små. Eg har for fyrste gong vore i eit land utan å læra eit einaste ord av det respektive språket. Ikkje ein gong hei eller takk veit eg kva er på gresk. For alle kelnerane sa takk, hei og hadet på norsk. Det plaga meg faktisk meir enn eg hadde trudd. Det er eg som skal sei hei og takk på deira språk -ikkje omvendt. Eg kjenner meg ekstra mykje som turist då, og turistkjensla vil eg som oftast vera foruten. Men sånn må det vel bli når det aular med norske turistar der kvart år..

MEN; det har vore ei herleg veke. Eksamen har nesten ikkje streifa tanken. Den kom snikande att først på heimreisa, ellers har han latt meg vera i fred. På førehand var eg litt spent på akkurat det. For å ta ei kort oppsummering har det gått i soling, avslapping, trasking i byen, restaurantbesøk, livsfarleg trafikk, is, enorme dessertar, backgammon, norsk tv, solkrem, vesker&smykker, matforgiftning (min kjære stakkar), bading, aloe vera, kaffi & kakejakt +++ Dei store utfluktene vart med snakket, men det var kanskje like greit. Det er ikkje kvar dag ein vestlending (busett i Bergen) kan sola seg, og det handlar tross alt om prioriteringar. ;)

Dermed har eg blitt solbrend for fyrste gong på fleire år. Sola på Kreta er sterkare enn heime, og ved å i tillegg gløyma å smørje ein del av ryggen, vert kokt hummar resultatet -med påfylgjande hamskifte. Og eg har allereie byrja å flasse av på ryggen. Eg likar flass. Å plukka altså. Det er like artig no som då eg var liten. Minnet om då eg og mamma drog eit einaste stort flassflak av heile ryggen til syster mi (ok, mogleg eg overdriv litt) er framleis levande. (Når eg tenkjer etter, kan det synast som at minnet har levd sitt eige liv og dermed mista noko av sitt truverd, men dog… Det held for meg.) Uansett. Då min kjære ikkje deler mi begeistring for det overnevnte, har eg tatt så langt som armane rakk, resten får vel vera.

Det var godt å komma seg vekk, men det er godt å komma heim att óg. Melk og grovt brød tek alltid imot ein med opne armar. Eg har til og med feira heile 17.mai (hadde eit håp om å få kvelden med meg) på fly og buss, med fest fly-mat x 2. Ikkje verst! Takk Avinor, det var ein fest. ;)

6 kommentarar leave one →
  1. 2008 mai 21
    Søsto permalink

    Jo, det var heile ryggen i eitt flak. Eg hugsar det eg og!

  2. 2008 mai 21
    eitoganna permalink

    Ja, da va da sant?? Heilt sjukt! :D

  3. 2008 mai 21
    Jan Leversund permalink

    Og mammo kan bekrefta det, også at ho hadde dårleg samvet for ikkje å ha passa godt nok på litlajentå. Men underleg nok, ho syntest ikkje væra så svært mykje plaga. Tøff jente.

  4. 2008 mai 24

    Det høyrest ut som ei svært traumatiserande oppleving…Heile ryggen i eitt flak? Stakkars jente…Godt ikkje du er like ille tilredt…
    Kjekt å sjå Kretabildene dine. Vi får ta ei utveksling ein gong. Det blir vel muligens også mulitmediashow ala Djupviks på eit eller anna tidspunkt. Forbered deg på at eit eller anna kjem til å gå gale. Manglande kablar, dårlege inngangar, øydelagde fjernkontrollar, slikt som gjer at heile greia går i vasken og alle må sjå bildene på ein 15″ laptop…

  5. 2008 mai 24

    Ja, det var i alle fall ei kjempa av eit flass-flak så kom av den gongen. Eg trur aldri eg kjem til å sjå liknande igjen.

    Eg har høyrt litt om desse multimediashowa til fam.Djupviksen, og kan ikkje seia anna enn at eg Gler meg.. ;)

  6. 2008 mai 27
    Nils Magnus permalink

    Hehe. No har eg begynt å flasse noko insane her. Noko seint kanskje? Eg ser heilt spedalsk ut på armen ;)

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS