Du skal ikkje sova bort sumarnatta
2008 mai 28
Kvifor ikkje? Jo; “Ho er for ljos til det”.
Nettopp.
Kanskje litt for ljos?
Det skulle kanskje vore; “Du greier ikkje å sova bort sumarnatta”.
Men då stemmer jo ikkje rytmen…
Eg har nemleg vakna fleire gonger om natta den siste tida, og det er ikkje berre på grunn av eksamensnerver. Du skjønar, me har kvitt soverom med kvite gardiner, og ein skulle tru det var dag sjølv om det er midt på natta no når det går mot sommar. Det er nesten så lyst at eg vert blenda. Dermed er det ikkje så enkelt å få seg ei god natts søvn, som jo er ekstra viktig no før eksamen.
Så no sit eg på lesesalen og geispar, medan eg drøymer om kaffi og tenkjer at mitt neste kjøp må bli ei lystett rullegardin frå Ikea.
Ja, når ikkje ein gong eg sovnar raskt, då er noko gale. Men trur ikkje du at det blir endå vanskeligare (for meg å få deg til) å stå opp dersom rommet blir bekmørkt då?
Hahaha..