Eksamen
I dag har eg hatt eksamen. Det gjekk ganske greit. I alle fall betre enn eg såg for meg for nokre dagar sidan. Om det kunne gått verre enn mine dåværande spådomar er ei anna sak. Neste og siste eksamen er om ei lita veke, og så er sommarferien der. Kanskje det til og med vert vér som er verdt å snakka om i år?
Det er utruleg kor sliten ein vert av å ha eksamen. På eit tidspunkt i løpet av dagane før sjølve eksamensdagen, startar ein tankeprosess som etterkvart går som ei kvern rundt i hovudet. Og med det meiner eg non stop. Om det er pensum-tankar eller det-kjem-til-å-gå-rett-vest-tankar har ikkje så mykje å seia -det er det konstante surret ein vert litt lei. Eg har aldri sove særleg godt natta før eksamen, men sjølv med sand i augene og 3 geisp/minutt, er det utruleg kor vaken ein vert i det ein får utlevert oppgåvene. Frå då av går hjernen på høg-gir.
Kun avbroten av naudsynte toalettbesøk, skriv ein til krampa tek ein, nakken stivnar og blodsukkeret brått fell på golvet. (Eg har med niste, men gløymer å ete ho.) Etterpå kjenner ein ei blanding av ekstrem lette (kjem noko an på korleis det har gått) og ein underleg tomheit. Ei kvile på sofane er fortent/naudsynt etter ein dagar som dette. Problemet er at eg er kjempetrøtt og veldig vaken på ein gong, så den søvnen får eg ha til gode.
Sjølv no når klokka har passert kveld, er hjernen min fortsatt ikkje i nærleiken av dvalemodus. Ganske utruleg eigentleg, så glad som eg er i å sova.
Men, det ordnar seg vel.
“Opp og begynn igjen! sa mannen – han falt ut av senga under middagssøvnen.” (dansk ordtak)
Åja, då så.
-God natt-