Spore Creature Creator

2008 juni 18

Spore skal etter planen lanserast i september 2008. Eg gler meg! Bak spelet står dei same som har laga the Sims, og det vert spennande å sjå om Spore vert ein like stor suksess. For deg som ikkje har høyrt om Spore eller veit kva det dreier seg om, har eg henta eit lite utdrag frå heimesida www.spore.com:

Spore is your own personal universe. You can create and evolve life, establish tribes, build civilisations, sculpt worlds, and explore the cosmos.  Spore is made up of five games, each corresponding to a stage of evolution: Cell, Creature, Tribe, Civilisation, and Space. Each stage presents different challenges and goals.

Ein startar altså med små eincella organismar som ein utviklar til større og meir komplekse skapningar etter kvart som ein spelar. Ein kan leike med evolusjonen og laga dei snodigaste “kreasjonar”. Som ein forsmak på dette vart det i dag går mogleg å lasta ned Spore Creature Creator (trial version). Dette er den same editoren som vert brukt i spelet, men med kun eit lite utvalg av dei moglegheitar ein seinare vil få.

Eg har leika meg litt, og resultatet vart Bøggvald og Brakkvald som de ser på bileta under. Dei var ikkje så enkle å få til å posera, men med litt smisking så gjekk det på eit vis:

Bøggvald

Brakkvald


Ingen kommentarar til no

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS