Om rot og tiltaksløyse

2008 juni 22
by Anna

Eg har funne ut at tiltaksløysa mi er proposjonal med mengda rot som eksisterer i leiligheita. (Nei, det er ikkje basert på matematiske utrekningar, men snarare på observasjonar og sjølvgransking, og  kan såleis ikkje bevisast.)

Dersom eg nettopp har rydda og vaska leiligheita er eg veldig opptatt av å fortsetja å halda det ryddig. Eg ryddar og vaskar opp etter meg med éin gong, og er veldig nøgd med kor fint og ryddig me har det. Men dersom ting skeiar ut og rotet byrjar å ta overhand, fell tiltakslysten min i dass. Resultatet av dette vert at når det verkeleg trengst å bli rydda, så vert ingenting gjort. Og kva skjer då? Vel, det seier seg sjølv.

Altså; jo meir rot —> dess meir tiltakslaus

Eller….øh, vent litt…

*klør meg i hovudet*

jo meir tiltakslaus —> dess meir rot?

Hm.

3 kommentarar leave one →
  1. 2008 juli 17

    Og så har du jo ikkje akkurat flytta sammen med verdens ryddigaste fyr…hehe…

  2. 2008 juli 28

    Han e litt sånn som meg;

    kvalitet, ikkje kvantitet ;)

  3. 2008 august 2
    Nils Magnus permalink

    Eg kan vel skrive under på at “denne fyren” ikkje er verdens ryddigaste, men her er vi no eit tospann med forbedringspotensiale. I motsetning til Anna, så går behovet mitt for å gjere noko med det opp ilag med auken i rotmengde. Slik det er no leder nok ho klart på badet og eg på det gjevne på kjøkkenet.

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS