Agurktid

2008 juli 28
by Anna

Eg har ikkje blogga på aldri den dag. Etter eksamen har det gått mest i jobbing, og no har eg hatt to veker fri. Det er knallvarmt og eg held på å renna vekk, men eg klagar ikkje. Det er fantastisk! :) Betre sommarvér er det lenge sidan eg har opplevd.

Eg har aldri heilt skjønt det der med agurktid – kvifor avisene brått ikkje har noko å skriva om fordi det er sommar. Er det lite som hender? Men no har det altså skjedd meg. Sjølv om det kanskje heller er varmen og det faktum at eg har vore vekkreist som har gjort at eg ikkje har oppdatert bloggen min, enn at eg har hatt lite å skriva om. Eg kan i allefall skulda på det.

Så fram til agurktida er over har eg to veker igjen på jobb, før skulen byrjar att. Eg kjenner at det skal verta godt å komma attende til gamle “rutinar” (host) – ein vert litt sløv av å ha ferie. Eg har dessutan planar om å kjøpa meg ny laptop. Ein der tastaturet faktisk fungerar, då eg har levd med dette makkverket av eit tastatur i snart tre år. Eg er LEI!

Og eg konverterer nok til Mac.

Microsoft; no offence. Uh…

Ingen kommentarar til no

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS